TIRSDAG
5. NOVEMBER
18:00

Demenskoret Minneblomen med Hilde Selvikvåg og songelevar frå Time kulturskule

Kjøp billett
Time kommune sitt eige Demenskor, Minneblomen, inviterar til sin fyrste offisielle konsert. 
Koret har fått med seg Hilde Selvikvåg som gjesteartist og Time kulturskule sine songelevar.
Saman vil dei presentera eit mangfoldigt og flott konsertprogram.
Det blir stor variasjon i repertoir og musikkgenre – med både soloinnslag og ulike korsamansettingar. 
 
Vi er sikre på at dette vert ei minnerik musikkoppleving. Velkommen til oppleving av ekte songglede og vårt musikalske fellesskap.
 
Konserten er eit samarbeid mellom Time frivillighetssentral, Demenskoret Minneblomen og Time kulturskule.